Innovasjonscamp

Ungdoms-OL matpakka

Oppdrag

Lag den optimale Ungdoms-OL matpakka. Den skal bli med ut på ein lang dag i skiløypa eller på tribuna der vi heiar fram nye OL-vinnarar.

Matpakka skal passe for ein ung, aktiv og sunn livsstil -  ein dag ute krev mykje energi.

Vi ønskjer at den skal innehalde ein basis av lokale råvarer og smake like godt etter eit par timar i sekken, sjølv når gradestokken kryp ned mot 20 minus.

Ungdom er målgruppa, derfor er det viktig at den ikkje kostar for mykje.

Som ein del av oppdraget skal de også kome med forslag til emballasje og design på denne. Matpakka skal ha ein ungdommelig og gjenkjennelig Ungdoms-OL profil. Utforming og innpakning bør vere funksjonell og enkel.

Emne/område Mat og helse
Oppdragsgiver Ungdoms-OL Lillehammer 2016
Fylke Oppland
Skole Åtte skular i Oppland og Hedmark
Klassetrinn 9. trinn
Antall elever 40
Antall lærere 6
Antall veiledere 5
Antall jurymedlemmer 4
Lengde på campen 1 dag
Når 16.06.2014
Hvor Lillehammer
www.ue.no   http://www.ue.no/Oppland/Nyheter/Kreativ-matglede-paa-grundercamp

Bakgrunnsinformasjon for oppdraget?

Gründercampen var avslutninga på eit halvårig samarbeidsprosjekt mellom UE Oppland og Hedmark om entreprenørskapsaktivitetar innan mat og helse på ungdomsskulen. Prosjektet var støtta av NHO Reiseliv Innlandet, Fylkesmannen i Hedmark, Matbransjens Opplæringskontor og Lærlingekompaniet Hedmark og Oppland. Bakgrunnen var den stadig synkande rekrutteringa til restaurant- og matfag på vidaregåande. Undersøkingar viser at elevane sine erfaringar frå mat og helse på ungdomsskulen har stor betydning for om dei vel, eller ikkje vel restaurant- og matfag på vidaregåande. Satsinga starta med eit inspirasjonsseminar for mat og helselærarar på Hoel gård i januar. Lærarane som deltok der, arrangerte i løpet av våren gründercampar lokalt på sine skular, og det var vinnerlaga frå disse campane som var samla til regional finale på Lillehammer 16.6.2014.

Målsetting/læringsmål

Få elevane til å sjå muligheitene innanfor mat- og restaurantfag ved å jobbe med mat og helse på ein kreativ måte.

Kontaktinformasjon

Inger Elin Nes Hjelle, UE Oppland, inger.elin.nes.hjelle@ue.no

Vegard Larsen, UE Hedmark, vegard.larsen@ue.no