Innovasjonscamp

Klima Gründercamp: Green Nudging

Oppdrag

Finn på eit lite klimatiltak som er kreativt/nyskapande, og som du sjølv (eller din familie eller ei anna gruppe menneske) kan vere med på å gjennomføre. Dette skal vere eit tiltak som sparer litt energi kvar gang det gjennomførast.

Når du har valgt ei gruppe som du meiner kan gjennomføre tiltaket, skal du lage eit rekneeksempel på kor mykje energi dei kan spare. Klarer du å rekne ut kor mykje CO2 vi har spart miljøet for?

Løysinga skal innehalde:

  • Namn på og beskriving av tiltaket
  • Forslag til korleis tiltaket skal gjerast kjent. Korleis skal vi få folk til å bli med? Kvifor skal folk få lyst til å bli med?
  • Et rekneeksempel som viser eit overslag over kor mykje energi vi kan spare og kor mykje mindre CO2 vi har sluppe ut. 
Emne/område Klima/miljø
Oppdragsgiver Gjøvik kommune
Fylke Oppland
Skole Bjørnsveen ungdomsskole
Klassetrinn 10. trinn
Antall elever 65
Antall lærere 6
Antall veiledere 3
Antall jurymedlemmer 3
Lengde på campen 1 dag
Når 6.11.2014
Hvor Vitensenteret Innlandet
www.ue.no   http://www.ue.no/Oppland/Nyheter/Kreative-klimatiltak-paa-grundercamp

Bakgrunnsinformasjon for oppdraget?

Gjøvik kommune er i gang med å lage klimaplan. Som ein del av denne planen skal det lagast ei konkret tiltaksliste. Kommunen ville gjerne ha hjelp frå ungdomsskuleelevane til å kome på nye, kreative forslag som kan kome inn på denne lista.

Målsetting/læringsmål

Målsettinga var at elevane skulle bli meir bevisste på små klimatiltak som enkelt kan gjennomførast i eigen kvardag. Samtidig skulle elevane bli kjende med prosessen som pågår rundt klimaplanen i Gjøvik kommune, og bli klar over eigne påvirkningsmuligheiter i dette arbeidet.

Kontaktinformasjon

Inger Elin Nes Hjelle, UE Oppland, inger.elin.nes.hjello@ue.no